Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om ‘de’ og ‘dem’ i bokmål

Hallvard Hegna spør 27. januar kvifor «Språkrådet [lèt] feil festa seg som korrekt språk når dei seier det ikkje er det». Det aktuelle dømet hans er setningar som dette på bokmål: «Han belærte de som har bodd lenge i landet vårt.» Hegna ønskjer openbert dem her. Svaret frå Språkrådet er at både de og dem må reknast som korrekt. Grunnen til dette er ikkje at vi lèt ein feil festa seg, men at ein grammatisk analyse viser at både de og dem kan brukast.