Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå Oslo til Bergen på 4 timar?

17. november la Forum Nye Bergensbanen fram rapporten «Fra fly til tog – effekt av Oslo–Bergen på 4 timer». Den konkluderer med at tog kan få ein marknadsandel på 55 prosent av totalen fly/tog. Eg trur det er vel optimistisk. Trafikktal frå Jernbaneunionen (UIC) og Kungliga Tekniska Högskolan i Sverige syner at reisetid 4 timar gjer toget ein andel på om lag 40 prosent.