Vestland fylkeskommune vil heller leggje asfalt enn brustein, mellom anna fordi brustein er seks gongar dyrare enn asfalt, melde Bergens Tidende i januar. Kostnaden er mindre over tid, sidan brusteinen ligg der lenge. Fylket har uansett vegar i heile Vestland å halde ved like, og då taper distrikta om Bergen får dyr brustein. «Brustein» står forresten ikkje i nynorskordlista, berre i bokmålsordlista. «Gatestein» står derimot i begge. Eg gjer litt sivil ulydnad.
Brustein
Dagboka