Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Våre førkristne forfedrar meinte at dødsriket låg langt mot nord.

Nord og ned

Paradis og himmel – i jødisk, kristen eller islamsk samanheng har dei to orda eigentleg same meining. Ein vedunderleg stad utan sorg eller kvide der dei truande vonar å koma, når dette livet er over . Men straks du forlèt det religiøse, stig dei to orda fram med vidt ulike innhald. Paradis kom vestover til jødedommen, lenge, lenge sidan, frå Persia. Der hadde det i uminnelege tider vore eit ord for ‘inngjerda hage’. Gresk ‘peri-‘ i ordet periferi (omkrins) kjem frå forleddet i paradis. Hagen var vakker og med smakande frukter; ein stad der ikkje kven som helst utan vidare kunne gå inn.