Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei ny skotsk genuslov pisker opp sinna i den britiske kulturkrigen.

Skotsk normalitet

TVITYDIG: Når den britiske regjeringa vil hindre den skotske genuslova, handlar det både om kulturkrig og om å halde skottane på plass, skriv Stephen Walton. Foto: WIktor Szymanowicz/NurPhoto/Shutterstock/NTB

Den 22. desember i fjor vedtok det skotske parlamentet ei ny lov om genusregistrering, den såkalla Gender Recognition Reform Bill. Lova vart fremja av dei skotske regjeringspartia, nasjonalistpartiet SNP og miljøpartiet Skotske grøne, men vart også støtta av skotsk Labour.