Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Babylon» romantiserer det Hollywood filmen vil kritisera. Kanskje er det meininga?

Stor ståhei for ingenting

Hollywoodsk bakkanal: Margot Robbie blir – ei kort stund – løfta til vêrs som starleten Nellie LaRoy i «Babylon». Foto: UIP

Babylon

(USA, 2022) Regi og manus: Damien Chazelle Drama, 3 t. 8 min., Kino

I 2017 fekk «La La Land» storeslem under Oscar-utdelinga. Musikalen, som handlar om ei ung kvinne og ein ung mann som fell for kvarandre, men ofrar kjærleiken for suksess i Los Angeles’ film- og musikkbransje, fekk heile seks Oscar-prisar inkludert regiprisen til Damien Chazelle, som også var nominert i kategorien for beste originalmanus.