Ellos eatnu – La elva leve
(Noreg/Sápmi, 2023) Regi og manus: Ole Giæver. Drama, 2t. 2min., Kino fra 2. feburar.
Den meir enn ti år lange striden om utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget toppa seg i januar 1981 med den største politiaksjonen mot sivil ulydnad i etterkrigstida. Blant godt vaksne vekkjer Alta-saka enno sterke kjensler og spesifikke minne. Filmskapar Ole Giæver (f. 1977) deler ikkje slike røynsler. Han har vakse opp i det samfunnet som vart politisk endra av Alta-kampen, der Sametinget og FNs urfolkscharter er juridiske realitetar, og der to norske kongar har bede om orsaking for overgrepa mot samane.