Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No veit nesten alle at det har med særtrekk i hjernen å gjera.

Ein indre kjerne

APPROPRIATE ADULT: Dominic West og Emily Watson i rollene som ein mordar og sosialarbeidaren hans.

Mange ulike religionar reknar med at det finst ei sjel som eksisterer før kroppen blir til og lever vidare når han er død. For korleis skal ein elles forklara at kvart barn kjem til verda med ein særeigen individualitet, og skulle nære slektningar forsvinna for alltid berre fordi hjartet har slutta å slå? Men ideen om den konstante sjela har noko umenneskeleg ved seg fordi han ikkje gjev ikkje rom for oppsmuldring av sinnet. Åreforkalka, sa dei den tid dei demente gjekk rett frå å vera kloke oldingar til å bli mindreverdige tullingar. Mens ungdomar som no om dagen fungerer ganske greitt med industriproduserte psykofarmakum, aldri fekk samla seg om nokon ting.