Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Utama» er ein usentimental sørgjesong over døyande kultur.

Fatalistiske fjellbønder

Tørkedøden: Sisa (Luisa Quispe) og Virginio (José Calcina) held trassig fast på livet i det bolivianske høgfjellet. Foto: Fidalgo

Utama

(Bolivia, 2021) Regi og manus: Alejandro Loayza Grisi Drama, 1 t. 28 min., Kino

Bolivianske «Utama» vann ein spelfilmpris på Sundance-festivalen i fjor, men filmen er stilistisk ei dokumentarnær dramatisering av den brutale røynda i den bolivianske delen av Altiplano. Urfolkskulturen her er no truga av at isbreane i Andesfjella forsvinn. Men vassmangelen vi kan sjå i filmen, er også eit aukande problem i store delar av dei folketette delane av Sør-Amerika.