Den elskverdige sjefen
(El Buen Patrón, Spania, 2021) Regi: Fernando León de Aranoa Dramakomedie, 1t.45 min., Kino
Det har vore grunn til å sjå fram til «Den elskverdige sjefen». Filmskapar Fernando León de Aranoa og skodespelar Javier Bardem laga for 20 år sidan ein glimrande kritikk av spansk arbeidsliv, då dei skildra livet som arbeidslaus i «Mandager i solen» (2002). Til liks med den filmen har også «Den elskverdige sjefen» vore ein prisgrossist, Spanias Oscar-kandidat i fjor og vinnar av dei viktigasta nasjonale Goya-prisane.