Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ting som treng kritikk

Bøygen, tidsskriftet som er drive av masterstudentar på Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo, er ute med eit nytt nummer med det evig aktuelle temaet «Kritikk». Tidsskriftet trykkjer innlegga som eit knippe røynde litteraturkritikar heldt på Litteraturfestivalen på Lillehammer i år. Der blei blant andre Frode Helmich Pedersen, Susanne Christensen, Maria Horvei og Tom Egil Hverven bedne om å svare på spørsmålet «Hvorfor er du litteraturkritiker?»