Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Desember

Krigskos til jul

Kinoane slit etter pandemien, men eit norsk krigsdrama drog folk til salane i jula – som vanleg.

Generasjonsdrama: Carl Martin Eggesbø, Christoph Gelfert Mathiesen og Stig Henrik Hoff spelar far, son og bestefar i «Kampen om Narvik». Foto: Nordisk Film Distribusjon

Britane har «Love Actually», amerikanarane har «Alene hjemme», og nordmenn har … krigsfilm. Kva og kor mykje ein skal tolka inn i den relativt ferske, særnorske juletradisjonen, er ikkje godt å seia, men filmforteljingar frå andre verdskrig er altså den føretrekte, norske sjangeren i sentimentalitetens høgtid. Både Erik Skjoldbjærgs nyleg lanserte «Kampen om Narvik» og Gunnar Vikenes Oscar-kandidat av året, «Krigsseileren», kan hevda å fylla lerretet med tidlegare udekte forteljingar, men den jamne produksjonen av krigsdrama i kjølvatnet av storsuksessen «Max Manus» (2009) har opplagt handla om meir enn at filmbransjen har kjent eit ansvar for ignorert historie.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?