Britane har «Love Actually», amerikanarane har «Alene hjemme», og nordmenn har … krigsfilm. Kva og kor mykje ein skal tolka inn i den relativt ferske, særnorske juletradisjonen, er ikkje godt å seia, men filmforteljingar frå andre verdskrig er altså den føretrekte, norske sjangeren i sentimentalitetens høgtid. Både Erik Skjoldbjærgs nyleg lanserte «Kampen om Narvik» og Gunnar Vikenes Oscar-kandidat av året, «Krigsseileren», kan hevda å fylla lerretet med tidlegare udekte forteljingar, men den jamne produksjonen av krigsdrama i kjølvatnet av storsuksessen «Max Manus» (2009) har opplagt handla om meir enn at filmbransjen har kjent eit ansvar for ignorert historie.