Covid 19-viruset sirkulerer som aldri før. Ein slutt på krigen i Ukraina er ikkje i sikte. Energimangelen på kontinentet og straumkrisa i Norge skaper stress og fortviling i store delar av befolkninga. EU-landa famlar og kranglar om «løysingar» på flyktningstraumen frå Afrika. I alle land aukar gapet mellom dei ein prosent rikaste og dei 50 prosent fattigaste, og talet på fattige aukar. Det er ein skrikande mangel på effektive politiske tiltak mot den stadig raskare klimaendringa. USA prøver iherdig å trekkje Europa inn i si rivalisering med Kina: Alt dette tyder på at etablerte økonomiske og politiske strukturar, særleg den nyliberale globale økonomien, er i ferd med å gå i knas.
Det gamle er tapt, men det nye har ennå ikkje vunne fram. Vi står i det Gramsci kalla eit interregnum.
Brytningstid
Kron og mynt