Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lat oss lyfte eit glas for Dan Andersson og alle dei som dagleg slåst for sitt brød.

­Stjärnans timma

ARBEIDERDIKTER: Dan Andersson var en av Sveriges mest folkekjære poeter og visediktere. Foto: Ukjent fotograf, Dan Andersson Museum

Julaftan 2021 hadde Klassekampen ein leiarartikkel om julediktet ‘Julvisa i finnmarken’ av den svenske diktaren Dan Andersson. Eit år etter – som det heiter i nokre av dei amerikanske kjærleiksfilmane som vert sende på fjernsynet i tida før jul – tillèt eg meg å senda inn ein refleksjon kring dei opplevingane diktaren hadde, som gjorde at han skreiv dette gripande julediktet. Men først må eg leggja noko til. For det som ikkje er med i leiarartikkelen, er diktarens eintydige melding: Songen skal «sjungast vid bordet till mörkt öl». Dette er ikkje tilfeldig. For Dan Andersson visste at i den gamle, nordiske julefeiringa stod ølet sentralt og at rusen jamvel kunne ha sakrale element ved seg. Dei gode gudane må aktiverast. Diktet vart publisert første gongen i Bonniers Månadshäften i desember 1917. I februar same året hadde Dan Andersson vore i Trondheim.