Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høgresida i Argentina nyttar skitne metodar i rettsvesenet og massemedia for å svekka venstresida.

Maktas ansikt

GUDFAREN? Tidlegare argentinsk president Mauricio Macri frå høgrepartiet PRO vert skylda for å nytta mafiametodar for å nedkjempe politiske motstandarar, skriv forfattaren. Her frå fotball-VM i Qatar. Foto: Natacha Pisarenko, AP/NTB

Joe Lewis heiter ein 85 år gammal engelsk ­forretningsmann og investor som er ­majoritetseigar i ­fotballaget Tottenham Hotspur, i tillegg til at han har store økonomiske interesser rundt om i verda. Mannen er skatteflyktning på ­Bahamas, og ifølgje The Sunday Times’ «Rich List» hadde han i 2021 ein formue på 4,33 milliardar britiske pund. Joe Lewis eig eit område i Patagonia i det sørlege Argentina som er fire gonger større enn hovudstaden Buenos Aires. Ein del av eigedommen er Lago ­Escondido («Den gøymte innsjøen»), som innbyggarane i området tidlegare nytta som rekreasjonsområde, men no ikkje får tilgang til.