Avatar: The way of Water
(USA, 2022) Regi: James Cameron. Manus: James Cameron, Rick Jaffa, Amanda Silver. 3D, Science fiction, 3 t. 12 min., Kino
Du kan ikkje argumentera mot suksess, heiter det i eit engelsk munnhell. Og i filmsamanheng er suksess synonymt med James Cameron. Kioskveltarregissøren har sletta alle rekordar for både produksjonskostnader og billettsal. «Titanic» (1997) var eit vasskilje, men det historiske kjærleiksdramaet vart likevel akterutsegla så vel filmteknologisk som økonomisk av det gaiafilosofiske frigjeringskrigs-science fiction-eposet «Avatar» (2009). Den vonlause freistnaden på ein sjangerdefinisjon speglar stormannsgalskapen bak filmen, men av alle stormannsgalne regissørar er James Cameron ein av dei meir sympatiske.