Tronge tider i Argentina
Fattige argentinarar vert stadig fattigare under styret til venstrepresident Alberto Fernandez.

I ein vakker, men forfallen bygard i middelklassebydelen Palermo i Buenos Aires bur fotograf Irina Werning. Ho har vorte kjent i Argentina for bileta ho tek for å syne fram den strevsame økonomiske situasjonen.
Stova hennar er tapetsert med fempeso-setlar. Før kunne du kjøpe daglegvarer med ein slik setel. I dag er han verdt 30 norske øre. Det gjer setlane billegare enn vanleg tapet, og bileta av den seteltapetserte stova til Werning har treft ei nerve hos argentinarane. I 2022 har inflasjonen så langt stige med kring 100 prosent.
– Folk veit ikkje lenger kva noko kostar. Og som alltid er det arbeidsfolk som vert hardast råka. Ingen klarer å ha eit langsiktig perspektiv når du ikkje veit om du har råd til mat, seier ho.
Då bykjernen i Buenos Aires vart bygd, var Argentina eit av dei rikaste landa i verda. I dag er det nummer 87. Dette gjev den gigantiske millionbyen eit særmerkt preg. Dei rikt utsmykka bygardane og dei romersk-inspirerte statsbygningane kan få Buenos Aires til å minne om ein europeisk kulturby, men det er før ein legg merke til forfallet og fattigdommen.
I dag er Argentina fattigare enn Romania. Tiår med økonomisk vanstyre og ustabilitet har skapt eit av dei fremste lærebokdøma på korleis eit rikt land kan verte fattig. Ein liten spasertur frå middelklassebydelen Palermo lev folk i enkle mursteinshus med bølgjeblekktak.
I 1952 budde den 25 år gamle legen Ernesto Guevara i denne byen, og det var herfrå at han og kameraten Alberto Granado sette seg på ein gamal motorsykkel for å reise tusenvis av kilometer over heile Sør-Amerika. Skal vi tru soga, så var det denne reisa som tok livet av den småborgarlege legen Ernesto Guevara og skapte den tvers igjennom revolusjonære skapningen Che Guevara.
Han vart overtydd om at samfunnet måtte omskapast gjennom ein totalt omveltande sosialistisk revolusjon, og at han sjølv skulle dedikere livet sitt til å få det til. Utruleg nok så klarte han faktisk det. I alle fall på den vesle karibiske øya Cuba.
No styrer plutseleg venstresida det meste av Latin-Amerika, og eg legg ut på den same reisa for å sjå korleis det står til. Ein busstur som tek 28 timar frå Buenos Aires til den vesle byen San Carlos de Bariloche, er første seg.
Landskapet er uendeleg , og det er nesten ingen å sjå. Berre små flokkar av Hereford-kyr, og nokre gongar gauchoen deira attmed. Vegane er heilt beine og kan gå rett fram i timevis. Etter kvart vert landskapet tørrare og tørrare, heilt til bussen er inne i Patagonia.
Dette er den staden i verda der menneska har vandra lengst til fots for å slå seg ned. Heilt frå austlege Asia vandra folk til Amerika, og 10.000 år før Kristus var dei endeleg komne til Patagonia. Den sørlegaste delen av kontinentet. På 1970-talet skildra den britiske forfattaren Bruce Chatwin Patagonia som den siste frontier-en i vår tid, ein stad som framleis låg utanfor resten av verda, og der alt framleis var mogleg. Før staten Israel vart etablert i 1946 var Patagonia eit av dei føretrekte måla for den framtidige jødiske staten for mange sionistar. På 1880-talet drøymde Hans Jæger og Kristianiabohemen om å skape ein anarkistisk idealstat her.
Etter nesten 30 timar rullar bussen frå Buenos Aires inn i San Carlos de Bariloche. Etter andre verdskrigen flykta hundrevis av partitoppar og nazistiske generalar hit for å starte eit nytt liv. Det er framleis ein by med lafta tømmerhus og tyske ølhalar. Bariloche ligg langs den enorme innsjøen Nahuel Huapi, som er 50 prosent større enn Mjøsa, eller 14 gonger så stor som Jølstravatnet, om du vil.
På barane langs stranda spelar dei gangsterrap frå Guadalajara i Mexico, og den argentinske overklassen kosar seg med solnedgangen frå hotellbalkongar som syner ei velstand som er ukjent for mest dei fleste som bur i Argentina.
– Det er mykje fattigdom i Bariloche og, du berre ser det ikkje fordi taxiane køyrer omvegar for å unngå dei fattige delane av byen, seier 42 år gamle Martin Maghetti i ein brun bar langs innsjøen.
Han held for tida på å pusse opp leilegheita si i Bariloche, for å prøve å selje ho og flytte til utlandet ein stad. Han har to døtrer, og meiner at det ikkje er noko vits i å bli i Argentina.
I Patagonia har dei ein friluftskultur som kan minne om den norske, og på ei turlagshytte 2700 meter over havet, er temaet rundt gryteretten som alle andre stader i landet den økonomiske situasjonen.
Over ei veldig dyr flaske raudvin bore opp av ein hest, fortel Andreo frå Buenos Aires at han sjølv røysta på venstresidepresidenten, men at han slettes ikkje har noko håp om at ting kjem til å bli betre.
«Då bykjernen i Buenos Aires vart bygd, var Argentina eit av dei rikaste landa i verda. I dag er det nummer 87.»
– Det er ikkje ille, det er heilt forferdeleg! Folk blir berre fattigare, og alle er fortvilte over situasjonen. Ingen har noko tru på at regjeringa kan gjere noko.
– Om du tenkjer på Argentina om ti eller femten år, trur du ting er betre på noko måte enn i dag?
– Nei! Det er det ingen som trur! Det er ingen som er håpefulle her.
– I nabolandet Chile har dei hatt solid økonomisk vekst i mange år og ei ny venstreside som ser ut til å spreie håp?
– Dei har ein mykje meir stabil økonomi med alle naturressursane sine enn oss, det gjer det mykje enklare.
Då Che kom til Chile på reisa si, vart han slått over kor fattig og underutvikla nabolandet var samanlikna med Argentina. I dag er situasjonen den motsette.
Eg reiser vidare mot Chile, på båt over dei enorme innsjøane ved føtene av Andesfjella. På desse gamle handelsrutene sende på attenhundretalet innflytta europeiske kapitalistar tømmer frå dei fire tusen år gamle fjellskogane i Argentina til stillehavskysten i Chile, etter at dei hadde drepe og jaga vekk mapuche-indianarane i området.
På ei av desse innsjøferjene strevde Che og Granado med å skubbe den slitne motorsykkelen sin La Pederosa i 1952. No er det rike argentinske turistar som tek båtane.
I ein liten landsby langs ein innsjø er det gjort plass til ein ekte Norton motorsykkel av årgangen 1939, akkurat same som Che og Granado køyrde på i den segnomspunne turen i 1952. Folk i bygda vert glade av å høyre at eg følgjer i fotspora til Che, men også kritiske.
– Kvifor køyrer du ikkje motorsykkel, spør ein.
Eg har ikkje noko godt svar, og etter tre ulike båtturar på dei argentinske innsjøane, set eg meg på ein buss over fjellet til Chile.