Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uimotståelege roller i svært hollywoodisert afrikansk historie.

Om Slavekysten var Kvinnekysten

Militarisert styre: Viola Davis (general Nanisca) og John Boyega (kong Ghezo) skapar engasjerande roller. Foto: SF Norge

The Woman King

USA, 2022

Regi: Gina Prince-Bythewood

Manus: Dana Stevens, Maria Bello

Actiondrama, 2 t. 14 min., kino

Kinoaktuelle «The Woman King» gjev meirsmak med sine glimt frå prangande herskarkultur og velståande samfunn i Vest-Afrika like før koloniseringa. På 1820-talet, i det som i dag er Benin, spelar den økonomisk lukrative og fryktskapande slavehandelen ei nøkkelrolle i militariseringa av og maktkampen mellom rivaliserande rike.