Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Førdefjorden skal ikkje gravleggjast

I vår lenka eg meg for ein fjord eg knapt hadde sett, med folk eg aldri hadde møtt. Eg åt fisk og krabbe frå fjorden. Eg traff menneske som avheng av fjorden og fjella. Vaksne og unge som sa dei såg seg tvungne til å flytte frå bygda om det blir dumpa så mykje som eit gram slam i fjorden. Og kvar dag køyrde bilane inn for å øydelegge det me passa på. I dag er huset me har budd i og plassen der me lenka oss sprengt i fillebitar. Nordic Mining har byrja arbeidet sitt, trass alle motråd frå faginstansar. Saka om Førdefjorden er ikkje lenger politikk, det handlar om rett.