Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kampen mellom demokrati og diktatur står ikkje mellom blokker eller mellom statar, men internt i kvart land.

Vesten mot resten?

Ostalgi» er ikkje ostesmerte, som ein språkinteressert person kunne ha gjetta på, men den nostalgiske interessa for det gamle Aust-Tyskland: «Ost-nostalgie». Det er noko sympatisk ved å ønskja seg tilbake. Alle periodar har noko ved seg som me kan læra av og ta med vidare. I ei dyster samtid kan nostalgien dessutan tilby eit fast haldepunkt når alt endrar seg. Samtidig inneber ostalgien ei forskjønning av eit styresett dei færraste vil forsvara i dag. Faren med all nostalgi er ikkje berre at ein glattar over fortidas brutalitet, men også at det gir feil haldepunkt for navigering inn i framtida.