Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Filmen om Weinstein-avsløringane fell mellom personlege vitnemål og sosiale mekanismar, som gjorde overgrep mogleg.

Fakta mot makta

Det lange løp: Journalistane Megan Twohey (Carey Mulligan) og Jodi Kantor (Zoe Kazan) brukte månadsvis med tradisjonelt reporterarbeid på å få dokumentasjon og kjelder til å stadfesta Harvey Weinsteins overgrep. FOTO: JoJo Whilden /Universal Pictures

She Said

(USA, 2022)

Regi: Maria Schrader

Med: Carey Mulligan, Zoe Kazan

Drama, 2 t. 9 min., kino

Harvey Weinstein går i dag krøkt over ein rullator når han slepp ut av fengsel for å forsvara seg i retten mot stadig nye søksmål. Det er ikkje mykje att av mannen som hausten 2017 dundra inn i redaksjonen til The New York Times for å truga avisa til ikkje å publisera ei avsløringssak om han. Mange månadars undersøkande journalistikk og tillitsbygging mellom reporterar og kjelder hadde resultert i at kvinner endeleg ville vitna om korleis Hollywood-produsenten hadde utsett dei for seksuelle overgrep og trakassering på arbeidsplassen og korleis han hadde brukt bransjeposisjonen sin til å øydelegga karrierane til dei som ikkje fann seg i misbruket. Resten er metoo-historie.