Mot til å bade
Ragnar Aalbus badebok lokkar vasskeptikarane uti.

Ragnar Aalbus biletbøker har noko tiltalande ved seg: Eit dempa, sjarmerande grafisk uttrykk, tydelege typar henta frå dyreverda i hovudroller – Harry og Roger (okse og mår), Ellefsen og Tollefsen (elefant og elg) – og ikkje minst, for dei som likar slikt, ordspel i titlar og tekst. No veit eg at mange ikkje likar slikt, men sjølv er eg svak for ordleiken som oppstår i boka om nemnde Ellefsen og Tollefsen, «Bare rør» (2020). Dei to driv eit transportfirma som fraktar lange ting – stolpar, stokkar, rør. «Ikke rør» står det på eit skilt ved ein stabel rør utanfor hovudkvarteret deira.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent