Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er retten til å elske lik retten til å påføre skam?

Kvakksalvarterapi

For eit par veker sidan var Jan Inge Sørbø ute i den nasjonalkonservative nynorskavisa Dag og Tid og uroa seg over lovframlegget om å forby konverteringsterapi. Sørbø er litterat med teologiske interesser, men det er ikkje dei religiøse konverteringane som han blir plaga av, sjølv om dei har gjort meir enn nok skade. Her gjeld det kvakksalvarfreistnadene på å rekonstruere kjenslelivet til friske homoseksuelle slik at dei kan stå fram eller passere som heteroseksuelle. Sidan homoseksualitet ikkje er nokon sjukdom, kan han ikkje lækjast. Dermed vil alle forsøk på å luke vekk interessa for samkjønna sex og kjærleik stå fram som ideologisk, heller enn medisinsk motiverte. Det er dermed nokså opplagt at slike forsøk utgjer eit overgrep, og at dei til liks med andre overgrep bør vere lovstridige.