Over heile landet veks matkøane. SV, Raudt og Frp krev langt kraftigare lut i møte med priskrisa.
Ei rekke stadar er matkøane hos frivillige aktørar dobla. Enkelte plassar har dei vakse seg endå lenger. Både SV, Raudt og Framstegspartiet meiner dei galopperande prisane på mat, drivstoff, renter, straum og andre varer må møtast med høgare ytingar hos Nav.