Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om Høgre vinn makta i storbyane, vil meir offentleg velferd hamne på private hender.

Kjempar om sjukeheimane

HØGRE OM: Tidlegare helsebyråd i Bergen Hilde Onarheim (H) vil legga til rette for fleire kommersielle og ideelle aktørar dersom Høgre vinn makta i byen. Her møter Onarheim partileiar Erna Solberg i Bergen under valkampen i 2017. MARIT HOMMEDAL, NTB

Høgre flyr høgt på målingane i Bergen og kan innta byrådskontora om populariteten held seg til kommunevalet neste haust. Dei er om lag dobbelt så store som Arbeidarpartiet på meiningsmålingane.