Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Over 200.000 har ikkje ein fast lege

HELSE: Kapasiteten i fastlegeordninga er framleis dårleg, og fleire legar dekkjer ikkje opp for redusert listelengd og befolkningsvekst, ifølgje Helsedirektoratet. – Ferske tal frå Helfo i oktober viser at 213.755 innbyggjarar i norske kommunar ikkje har ein fast lege. Talet på personar utan fast lege har auka gradvis, seier helsedirektør Bjørn Guldvog i ei pressemelding. Det kjem fram i tertialrapporten for Handlingsplan for allmennlegetenester. Retten pasientane har til fastlege, er svekt, da talet på ledige plassar framleis er svært låg, og mange kommunar manglar ledige plassar. Stadig fleire fastlegar reduserer talet på pasientar for å ta ned arbeidsbelastninga. ©NPK