FOR FOLK FLEST? Folkehøgskule er for dyrt for mange. Eit utval foreslår derfor makspris for elevbetaling og mindre reising for å gjere tilbodet tilgjengeleg for fleire. – Unge med innvandrarbakgrunn og unge med foreldre med låg inntekt og låg utdanning er underrepresentert på folkehøgskulane i dag. Vi må sørgje for å fjerne dei barrierane som hindrar desse i å delta, slik at folkehøgskulane blir eit reelt tilbod for fleire, seier utvalsleiar Rode Margrete Hegstad i ei pressemelding. Om lag 7500 elevar gjekk på folkehøgskule i Noreg i 2021. Berre 3 prosent av elevane hadde innvandrarbakgrunn. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene