Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sluttar seg til nye sanksjonar

KRIG: Noreg sluttar seg til EUs nyaste sanksjonspakke mot president Putin og det russiske regimet. Sanksjonane tredde i kraft fredag, opplyser regjeringa.– Noreg står igjen saman med EU om sanksjonane mot Russland, for å halde oppe presset på regjeringa og støttespelarane i landet. Dei utvida sanksjonane er ein nødvendig reaksjon på Russlands brutale krigføring og den ulovlege annekteringa av regionar i Ukraina, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). EUs sanksjonspakke vart vedteken i starten av månaden og er den åttande i rekkja.©NPK