Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FOTBALL

Kampen for tilværet

LANG KAMP: Mette Hammersland har vore aktiv i Sandviken fotballklubb i 45 år som spelar, styreleiar og frivillig. At bileta bak ho heng på veggen, er ein av mange like­stillingskampar ho har kjempa. No har Sandviken Toppfotball gått inn i Sportsklubben Brann. Martin Årseth

Mette Hammersland har vore med på reisa frå då kvinnene fekk lov til å trene bak mål til dei spelte i Champions League.

Då Sandviken-kvinnene på denne tida i fjor cruisa inn til cupfinale og sitt første seriemeisterskap, hengde dei opp bilete av spelarane i garderoben. Det tok ikkje lang tid før dei vart tekne ned av herrelaget, som spelte i tredjedivisjon, fordi det verka forstyrrande på spelarane som delte garderoben. Det heile vart ei stor mediesak og mykje skriveri i både Bergens Tidende, Bergensavisen, NRK, VG og så bortetter.