Institusjonalisert normbrytar.
(Grosse Freiheit, Tyskland, 2022)
Regi: Sebastian Meise.
Manus: Meise og Thomas Reider.
Med: Franz Rogowski, Georg Friedrich.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 57 min.
Vist på: Kino.
Då dei allierte i 1945 kravde at det nye Vest-Tyskland skulle kvitta seg med alle nazilover, omfatta ikkje kravet forbodet mot sex mellom menn. Forbodet hadde eksistert sidan 1871, men Det tredje riket utvida paragraf 175 i straffelova. Som kjent vart titusenvis av homofile sende i konsentrasjonsleirar, der dei fleste som var merkte med rosa trekant på fangedrakta, døydde.