Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nan Goldins aktivisme mot Sackler-familien er kulminasjonen av eit liv i kamp for å eksistera.

Flyktningar frå USA

Nan Goldin i eit av sine karakteristiske sjølvportrett. FOTO: NAN GOLDIN, BERGEN INTERNASJONALE FILMFESTIVAL

Filmindustrien er på mange vis ein kopiindustri som har gjort det til ein forretningside å fortelja velkjende historier om igjen. Ofte resulterer det i overflødige forteljingar, som gjerne har vorte fortalde betre før i romanar, biografiar eller journalistikk. Desto meir slåande blir det når ein filmskapar maktar å gjera det kjende nytt for publikum, slik Laura Poitras (f. 1964) gjer i sin Gulløve-vinnar frå Venezia, Nan Goldin-portrettet «All the Beauty and the Bloodshed». Filmen er eit høgdepunkt under Bergen internasjonale filmfestival denne veka. Med denne dokumentaren får eit sterkt mytologisert og stigmatisert, skeivt miljø ei politisk oppreising i hovudstraumskulturen.

Torgrim Eggen, Marta Tveit, Espen Haavardsholm, Hannah Bull Thorvik, Mustafa Can og Mariken Lauvstad skriver med bløt blyant på lørdager. Klassekampens Guri Kulås er gjesteskribent.