OSLO: Byrådet i Oslo droppar forslaget om å gi folk gebyr for å sortere søppel feil. Forslaget kom etter ønske frå renovasjons- og gjenvinningsetaten, men har møtt mykje motbør. Forslaget til ny renovasjonsforskrift skulle vore lagt fram for bystyret torsdag, men saka har vorte trekt. Den opna for å gi inntil 12.000 kroner i gebyr for brot på reglane. Kommunen skal no revurdere korleis ein går vidare med ny forskrift, opplyser byrådsavdeling for miljø og samferdsel til NRK. I fjor avdekte renovasjons- og gjenvinningsetaten at berre halvparten av matavfallet i søppelbehaldaren hamna i grøne posar. Og berre 30 prosent av plastavfallet vart kasta i rette posar. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Postnord skal minske bruken av selvstendig næringsdrivende:
51 sjåfører får jobb
Transport , og
SNUR: Postnord i Norge har nesten ingen fast ansatte varebilsjåfører. Nå sikter de mot 23 prosent.
Neste år skal Postnord ansette 102 nye sjåfører, forteller administrerende direktør i selskapet Robin Olsen. 51 av dem skal kjøre varebil.