Heile 66 prosent av NTNU-studentane går rett ut i arbeidslivet når dei er ferdige med utdanninga si ved universitetet.
Det viser den nye kandidatundersøkinga til universitetet, skriv Khrono.
«Ammo» skuslar bort idear i serieklisjear.
Manus: Ole Marius Araldsen, Nicolai Cleve Broch, Stephen Uhlander.
Regi: Eirik Svensson.
Med: Nicolai Cleve Broch, Bjørn Floberg, Mariann Hole, André Sørum, Bianca Kronlöf, Slimane Dazi.
Lengde: 6 x 45 minutt.
Vist på: TV 2 Play, TV 2 på torsdagar.
Få tema er meir brennheite enn bruk av «smarte» våpendronar og norsk våpeneksport. Serien med rett-på-sak-tittelen «Ammo» tar tak i sentrale etiske problem ved dronane i seg sjølve og med produsentane sitt ansvar for bruken av dei. Diverre blir begge delar brukte mest som bakteppe for kjente serieintrigar. Preget av rimeleg hyllevare blir særleg tydeleg når alle samfunnskonfliktar kjem til uttrykk gjennom personlege band mellom rollene. Regien har heller ikkje kvalitetsmerka vi elles er vande med frå Eirik Svensson.