Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stadnamn er ikkje for amatørar.

Gardermoensk

I dag får flyplass-språket sin debut i spalta. Meldinga til dei med annonseringsansvar på Gardermoen, er klår: Me vil ikkje høyra om ‘Håggesund’ og ‘Allesund’. Det er ikkje norsk, heller ikkje i ein høgtalar-informasjon på engelsk. Og kvar i landet ligg flyplassen ‘Flare’ (uttalt med mønstergyldig engelsk halv-vokalisk r)? Eg seier dykk; dette er gardermoensk for Florø.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.