- Det var ei lettare tid før. No tenkjer eg spesifikt på åra 2020 til 2022 og dei flotte tiltaka mot korona. Pubane måtte skru ned musikken, dei fekk ikkje lov til å ta inn så mange gjestar, og dei måtte stengje i skapleg tid. Det var ein god pause frå å klemme folk ein ikkje vil klemme, unaudsynte og utruleg keisame konferansar vart sett på vent – og i same slengen – det var over og ut for alle «bli kjent»-leikane. Prisen vi må betale no i ettertid, er derimot høg: Inn i æva vil vi høyre folk seie «det er no godt å kunne samlast att».
Tilbake
Dagboka