Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er ledig stilling som ny byrådsleiar i Bergen:

Ein ny sjef i byen

POMP OG PRAKT: Ordførar i Bergen Rune Bakervik er innstilt som førstekandidat for Arbeidarpartiet ved kommunevalet neste år, men han kan bli byrådsleiar om berre nokre veker. Her under opninga av Festspillene i Bergen i vår. FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB Marit Hommedal

PÅ TOPP: I fjor vart han ordførar. Om nokre veker vert han truleg byrådsleiar. Rune Bakervik må snu ein vond trend for Arbeidarpartiet i Bergen.

Det er ikkje lett å styre Bergen, men nokon må gjere det. Rune Bakervik er innstilt som byrådsleiarkandidat for Arbeidarpartiet i Bergen til valet neste haust. Men han vert gjerne byrådsleiar alt om to veker, då det Arbeidarparti-leidde byrådet til Roger Valhammer formelt går av.