Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nærmar seg hungersnaud

CAMP: I ein leir utanfor Dollow i Somalia har sultofre bygd hus av greiner og gamle klede. FOTO: JEROME DELAY, AP/NTB Jerome Delay

SVOLT: I tørkeramma Somalia kan hungersnaud bli erklært denne hausten. Ein halv million born under fem år står ifølgje FN i fare for å døy av svolt og sjukdommar.

Det er svært sjeldan at eit land, FN og hjelpeorganisasjonar erklærer hungersnaud. Fleire nedslåande kriterium må oppfyllast. Mellom anna må meir enn kvart femte hushald lide av ekstrem matmangel. 30 prosent av borna må vere akutt underernærte og kvar dag må meir enn to av 10.000 menneske lide sveltedøden.