IKKJE NO: Fleire i opposisjonen og sjømatnæringa har misforstått kor tid grunnrenteskatten på lakseoppdrett slår inn. Venstre rasar mot «kaos».
Det har storma rundt den omstridde lakseskatten til regjeringa etter at dei la fram statsbudsjettet for 2023 torsdag førre veke. Mange har oppfatta det slik at regjeringa i det budsjettet hentar inn ferske milliardar frå den nye grunnrenteskatten på lakseoppdrett. No syner det seg at det ikkje stemmer, det er ikkje før i statsbudsjettet som vert presentert om eit år at dei gjer det.