Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Følehorn: Andreassen treffer blink tematisk, men intensiteten held ikkje heilt fram.

Posttraumatisk tankespinn

FØRSTE ROMAN: Mari Andreassen. FOTO: ANNAJULIA GRANBERG

«Mitt eige kjøt og blod», kan ei mor eller ein far tenkje når hen ser på eigne barn. Kanskje særleg mora etter fødselen, der ho ligg svimmel og svak av glede, blodtap og rier i livmora som trekkjer seg saman. I kristen tradisjon er uttrykket det sterkaste vi har for familieband, frå skapingsforteljinga i 1. Mosebok til innføringa av nattverden i Det nye Testamentet. For hovudpersonen i Mari Andreassens roman «Kjøtt og blod» har uttrykket også i seg eit smertefullt aspekt av «berre» kjøt og blod. Morsrolla er meir enn biologi, og der sviktar sjølvtilliten for Johanne.