Nyleg reiste tre kollegaer og eg rundt i Nord-Irak. Åtte år etter at IS jaga og drap kristne og utsette jesidiane for folkemord og skremde også moderate muslimar på flukt, møtte vi kristne som brukar livet sitt på å hjelpa overlevande til å starta nye liv. Medan vi var i Irak, tok patriark Kirill i Den russiskortodokse kyrkja igjen ordet.
I ei preike i eit kloster i Moskva bad Kirill russiske borgarar delta i Putins massemobilisering: «Ver modige og gjer den militære plikta dykkar. Og hugs at dersom du ofrar livet for landet ditt, vil du vera med Gud i hans kongerike, i hans ære og få evig liv.» Han sa at frykt for døden «kan pressa ein veik til svik og til og med til opprør mot sine brør».
Å protestera mot å bli soldat i ein terrorkrig er altså opprør, skal vi tru den livsfarlege kyrkjeleiaren i Moskva. Patriark Kirill har sidan 24. februar velsigna Vladimir Putins krig mot nabolandet, framstilt krigen som eit heilag felttog mot vestlege verdiar og for eit storrussisk rike: For Kirill, som for Putin, er Ukraina og Russland eitt folk, og Putins brutale krig skal oppfylla dette. Men det er ikkje råd å legitimera angrepskrigen i Ukraina med religiøse argument. Det er misbruk av kristendommen å manipulera folk til å tru at det er Guds vilje å terrorisera eit nabofolk og sjølv kanskje falla på slagmarka. Det er grufullt at han kallar dei som nektar å drepa, for svikarar og i praksis dømmer dei til fortaping.
Kvar har vi høyrt ein liknande ideologi? Det er i praksis ingen vesentleg skilnad på martyrteologien til patriarken og den bestialske ideologien til IS.
Patriarken vil ha russiske borgarar til å tru at dei ved å drepa for eit storrussisk rike får evig liv hos Gud. IS-ideologien fortalde muslimske kvinner og menn at dei ærar Allah ved å drepa vantru og reinsa det islamske kalifatet.
«Det er misbruk av kristendommen.»
I kristen tenking blir ingen martyr ved å drepa andre eller ved å falla på slagmarka i krig mot eit nabofolk – slik Kirill påstår. Det er terror å drepa andre og kanskje seg sjølv i ein krig som den Putin fører. Martyrium er derimot å ofra sitt eige liv på grunn av trua. Eitt døme er dei 21 koptiske mennene som kaldblodig vart drepne på ei libysk strand i 2015. Dei ville ikkje fornekta trua på Kristus.
Den russisk ortodokse kyrkja har sine eigne, ekte martyrar. Mange mista livet for kristentrua si under kommunismen, ikkje minst under Stalins blodige herjingar. Men Kirill og hans forgjengar har snakka svært lite om den brutaliteten. I staden har dei hjelpt Vladimir Putin med å mobilisera. På det viset vanærar patriarken kyrkja sine ekte martyrar og snur opp ned på martyrteologien.
I 2014 blei det for lettvint å seia at «IS har ikkje noko med islam å gjera». Muslimske lærde måtte nytolka religiøse kjelder for å riva desse vekk frå den blodige IS-tolkinga. Diverre lever IS-ideologien framleis i mange sinn i Mosul.
Kristne tenkjarar har gjennom åra fjerna seg frå ein farleg korsfararteologi. Toppleiinga i den russisk ortodokse kyrkja har diverre ikkje vore med på den reisa. I staden har Kirill jubla for ein eigen krigskatedral i Moskva, velsigna russiske atomvåpen og gitt Putin religiøs legitimitet til brutale felttog.
Det finst diverre ei freisting også i visse delar av kristen tenking til å legitimera angrep for ei påstått heilag sak. Når Kirill no lovar evig liv til dei som vil drepa ukrainske naboar, er det tid for å ropa ut at dette er ein kristendom vi avskyr.
No må verdas kyrkjeleiarar i flokk og følgje ta eit kontant oppgjer med Kirill og dei kjeldene han brukar for å legitimera bodskapen sin. Det er eit ansvar som liknar det ansvaret muslimske leiarar har for å ta oppgjer med IS sine bestialske middel for å byggja kalifatet.