Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vellaga norsk langfilmdebut utvidar krimsjangeren til å drøfta tunge dilemma.

Står støtt i stormen

LYS OG FORM: Elin (Ane Dahl Torp) og Storm (Ella Maren Alfsvåg Jørgensen) sine to hovud ligg som eit hjarta mot puta. Langfilmdebutant Erika Calmeyer fortel med lys og mørke, bildekomposisjon og oppbrote kronologi. FOTO: SF NORGE

Skulddrama som gjev publikum rom til eiga vurdering.

(Noreg, 2022)

Regi: Erika Calmeyer

Manus: Johan Fasting

Med: Ane Dahl Torp, Ella Maren Alfsvåg Jørgensen, Ane Skumsvoll

Sjanger: Spaningsdrama

Lengde: 1 t. 23 min.

Vist på: Kino

Mor-barn-forholdet er av openberre årsaker, direkte eller metaforisk, ofte kjernen i skrekkfilm – frå Alfred Hitchcocks freudianske «Psycho» (1960) til Jennifer Kents feministiske «The Babadook» (2014).