Kornet over havet

Då blokaden av ukrainske hamner blei letta, kunne ei heil verd følgje dei første skipa med korn over havet til land der folk ventar. Som i den norske fjellbygda 125-årsjubilanten Tarjei Vesaas skildrar i novella «Kornet over havet», frå samlinga «Vindane» (1951). Der strevar ein møllar og hans unge dreng dag og natt: Folks karrige små sekker må bli mjøl til jul. Støy og støv og lite søvn gjer dei slitne. «Bygg og atter bygg. Dei avlar ikkje anna her. Vêrlaget er strengt og stenger for kveite og slike milde kornslag.» Men det er òg anna som stenger no: «Det er ufredstid … Havet er stengt.»