Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Seier ja til Mjøssjukehuset

HELSE: I går vedtok Styret i Helse Sør-Aust den framtidige sjukehusstrukturen i Innlandet. Styret seier ja til å byggje det nye Mjøssjukehuset i Moelv. Det er i tråd med alternativet som styringsgruppa for vidareutvikling av Sjukehuset Innlandet hadde tilrådd på førehand. Styringsgruppa meiner at dette alternativet i større grad samlar og styrkjer fagmiljøa. Det andre alternativet, som ikkje vart valt, var det såkalla null pluss-alternativet. Det vil seie at ein hadde behalde dei noverande sjukehusa, men med eit nytt sjukehus i Hamar. Dette alternativet hadde også betydd ei endring korleis oppgåver blir fordelt mellom Hamar og Elverum. ©NPK