Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Får pensjonsopptening av tillegg

FORSVARET: Ein medlem i Norges offisers- og spesialistforbund (Nof) gjekk til sak mot staten for å få pensjonsutteljing for alt han har tent fram til han gjekk av med pensjon i 2018, skriv Frifagbevegelse. No er rettsavgjerda frå Trygderetten klar. Trygderetten seier at vakt- og fartøytillegga medlemmen hadde, er pensjonsgjevande etter det som er avtalt i hovudtariffavtalen, så pensjonen skal også reknast ut frå majoriteten av tillegga han har hatt gjennom tenesta. – Dette betyr veldig mykje for dei tilsette i Forsvaret (...) Om denne rettsavgjerda blir ståande, løyser den mange problem for dei som jobbar i Forsvaret i dag, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo i Nof. ©NPK