Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trappar opp lærarstreiken

STREIK: Norsk Lektorlag tek ut 29 medlemmer til streik frå måndag. Av desse jobbar 18 på Thor Heyerdahl vidaregåande skule i Larvik, og elleve jobbar på Ås vidaregåande skule. Det er første gong Larvik blir omfatta av Lektorlagets streikeuttak, medan det allereie er medlemmer i streik på Ås. Leiar Helle Christin Nyhuus beklagar at samtalane med KS ikkje gav resultat. – Situasjonen med KS er heilt låst. Vi vart inviterte seint til forhandlingsbordet og kom dessverre ikkje i mål. Vi er sjokkerte over at KS tvinnar tommeltottar og lèt denne streiken hale ut i tid, seier Nyhuus. Med det siste streikeuttaket har Lektorlaget til saman 89 medlemmer i streik. ©NPK