Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No får Oslo lufthamn elbussar

SKAL ELEKTRIFISERAST: Avinor og Onepark har gått saman om å byte ut elbussane som fraktar passasjerar til og frå parkeringsplassane ved Oslo lufthamn, med elbussar. – Det er eit mål at Oslo lufthamn skal vere fossilfri innan 2030. Då må alle steinar snuast, og vi er derfor godt i gang med å elektrifisere køyretøya våre eller få dei over på biodrivstoff, seier direktøren for eigedom og kommersiell ved Oslo lufthamn, Bent Arne Skatvedt. Erstatninga av fossilbussane med shuttlebussar, er venta å spare utslepp tilsvarande 600 store personbilar. Første elbuss har allereie komme til flyplassen, og dei resterande shuttlebussane blir erstatta innan utgangen av året. ©NPK