KRAFT: Etter forbruksrekord for straum i 2021 er det kjempekutt i privat straumforbruk så langt i 2022. Nesten alle kutt skjer der prisane er høgast. Dei månadlege tala frå Elhub, som er eigd av Statnett, viser at straumforbruket i hushalda er monaleg redusert i år. Det samla forbruket i hushalda så langt i 2022 ligg 15,3 prosent lågare enn i same periode i 2021, og 8,3 prosent under nivået frå same periode i 2020. Forbruket i hushalda har i år gått ned 20 prosent samanlikna med 2021 i NO2 (Sør-Noreg), som har vore det dyraste prisområdet i år. Til samanlikning har gjennomsnittsforbruket i NO4 (Nord-Noreg) så langt i 2022 vorte redusert med 4,4 prosent frå i fjor.©NPK