I «Hendelsen» er ikkje abort eit spørsmål om moral, men om makt.
(L’événement, Frankrike, 2021)
Regi: Audrey Diwan
Manus: Marcia Romano og Audrey Diwan etter Annie Ernaux’ bok
Med: Anamaria Vartolomei
Sjanger: Drama
Lengde: 1 t. 35 min.
Vist på: Kino
«At omstendighetene rundt abortopplevelsen min – forbudet – tilhører en svunnen tid, forekommer meg ikke å være en gyldig grunn til å la den ligge begravd», skriv Annie Ernaux i «Hendelsen» (til norsk ved Henninge Margrethe Solberg, Gyldendal, 2020). I dag verkar forfattaren framsynt, men då ho ved tusenårsskiftet publiserte sine minne om ein illegal abort i Frankrike i 1963, såg Ernaux neppe føre seg at den «svunne tid» skulle rekka å henta henne inn att mot slutten av eit liv som har romma store framsteg for kvinner.