Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sanna

  • Kvifor har vi brukt den siste veka på å lese om at den finske statsministeren har dansa på fest? Mi hypotese er at Sanna Marin er litt for pen. Tanken på at ei som er så pen, skal vere så mektig, er openbert veldig provoserande for ein del folk. Å vere pen er stort sett ein fordel, heilt til det ikkje lenger er det. Eg mistenkjer at det ikkje lenger er ein fordel når du er blitt statsminister.